Klarsignal for koronasertifikat for vaksinerte og dei med negativ test

Kommunar får no ta i bruk koronasertifikat, men må samtidig gi gratis test til dei som ikkje er vaksinerte.

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol på fredagens pressekonferanse.  Foto: Terje Bendiksby

Nyhende

Ei forskrift som blir vedteken fredag, vil gjere det mogleg for kommunane å ta i bruk koronasertifikat for å lette på restriksjonane for fullvaksinerte, dei som har vore koronasjuke det siste halvåret eller har testa negativt for covid-19 dei siste 48 timane.