Meiningar:

Reversering set borna sin rettstryggleik i spel

Lena Landsverk Sande er ordførar i Vanylven.  Foto: privat

Nyhende

Som distriktsoptimist har eg forventningar og håp om at Senterpartiet i regjering vil styrke distrikta, og bidra til at vi er sikra gode tenester der folket ynskjer å bu. Eg er difor svært skuffa over at fokuset til no har vore å reversere. Eg undrar meg over at regjeringa er meir opptekne av politikarane sine eigne meiningar, enn å lytte til fagfolket, som alle seier at samanslåinga i domstolen måtte til. Meiner vår nye justisminister, Emilie Enger Mehl, at det er viktigare å prioritere stillingsvern for sorenskrivarar som miste tittelen sin, enn det er å gje born den rettstryggleiken dei fortener?

SP har gjennom heile valkampen hevda at regjeringa har sentralisert domstolane, og at tenesta har blitt teke vekk frå folket. Det er rein feilinformasjon. Folket finn rettsstaden sin på akkurat same staden som før, og dei finn same dommaren ved same skrivebordet som før. I tillegg møter dei tilsette som har ein større fagkrets, som har fleire å utveksle erfaringar med og som samla sett har større kompetanse enn dei hadde før reforma. Det er rett at 60 tingrettar vart redusert til 23, og at sorenskrivartittelen såleis tilhøyrer færre leiarar enn før reforma, men tenestene er betre for fleire, fagfellesskapet er større og lik behandling for lova er klart styrka.

Barnevernssaker handlar om mykje meir enn jus. Det handlar om korleis ein møter born, korleis ein fylgjer med på borna si utvikling, og det kan også handle om korleis ein avslører psykopatar og manipulatorar som øydelegg ein heim. Norge har tapt saker i Menneskerettsdomstolen fordi vi ikkje har hatt god nok sakshandsaming i saker som gjeld born. Vi har ikkje vore gode nok på å sjå barnet sitt beste. Eit samrøystes Høgsterett har sjølve sagt at dei treng større fagmiljø for å styrke borna si rettssikkerheit, og reforma vart eit svar på dette.

Om minister Mehl er bekymra for at ein over tid bygger ned tingrettane, så ta konkret tak i faremomenta og dei lokale problemstillingane. Om det er stadleg leiing som er utfordringa, så sjå på korleis akkurat den utfordringa kan løysast. Ha heller fokus på å styrke gjennom framdrift, enn på å rykke tilbake til start.

Valkampen er over. No handlar det om å gjere det rette. Lytt til faglege vurderingar, til barneombodet og set barn sitt beste i førarsetet. Det er framtida.