– Eg visste eg var i god form, men eg vart ganske overraska sjølv

Denne helga gjekk sesongopninga i skiskyting av stabelen på Sjusjøen og under sprinten imponerte Johan-Olav Smørdal Botn med topp ti.

SKISKYTTAR: Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Mesterbakeren) gjekk inn til topp ti plassering under sprinten på Sjusjøen laurdag.   Foto: Emil Nyeng/ Team Mesterbakeren

Nyhende

I helga var det sesongstart for skiskyttarane på Sjusjøen, der dei beste skiskyttarane i landet stod på startstreken. Blant dei Stårheimaren Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Mesterbakeren).