Over 100 bøsser i aksjon på søndag og fleire utfordringar på gong

Søndag 24. oktober er det klart for årets TV-aksjonen NRK, og over 100 bøsser rundt om i heile Stad vil vere i aksjon.

TV-AKSJONEN: Søndag går TV-aksjonen av stabelen, denne gong til inntekt for Plan International og kampen mot barneekteskap.   Foto: olin maria yri

Nyhende

Den siste veka har det vore førebuingar til TV-aksjonen NRK som går av stabelen søndag. No er bøssene sendt ut, og søndag vil over 100 bøsser vere i sving rundt om i Stad. På Nordfjordeid er det elevar ved Fjordane folkehøgskule som går, og berre der er det over 35 bøsser. I tillegg er det meir enn 70 bøsser ute i krinsane i heile kommunen.