Verdskjent rappar klar for Malakoff

Det er no klart at ein verdskjent amerikansk rappar og eit norsk metall band er klar for Malakoff 2022. Totalt er fire band og artistar no klare for sommarens festival.

Torsdag er det klart at ein amerikansk rappar og eit norsk metall band er klare for Malakoff 22.   Foto: Pressefoto

Nyhende

Torsdag er det klart at den amerikanske rapparen Trippie Redd og rockarane Kvelertak speler på Malakoff til sommaren. Ifølgje ei pressemelding er Trippie Redd, frå Ohio ein av dei heitaste hiphop-artistane i verda akkurat no. Han er verdskjent for musikken sin og samarbeid med mellom andre 6ix9ine, XXXTentacion, Drake, Playboi Carty, Lil Uzi Vert, Juize WRLD.