Nøtteskrikja

Er den vakraste av kråkefuglane

Nøtteskrikje:.  Foto: Jon Kjøs

Nyhende

No på haustparten dukkar gjerne nøtteskrikja opp i eiker på våre kantar. Ho er den minste og vakraste av kråkefuglane våre. I somme delar av landet blei denne fuglen sett på som ein ulukkesfugl i eldre tider. Ho varsla at ei ulukke skulle skje. Dei som har høyrt skriket til denne vakre fuglen, synest kanskje ikkje det var så merkeleg. Skriket er høgt, gjennomtrengande, skingrande og nesten uhyggeleg. Det er skarpare og høgare enn hos dei andre kråkefuglane våre som skjor, kråke og ramn. Ho ber sanneleg namnet sitt med rette.