Spelte sin første kamp for sesongen

Stolt trenar: – Berre tenk kor gode vi vert når vi vert samspelt

Eid tapte mot Gloppen tysdag kveld, i det som var lagets første kamp saman og første kamp på lang tid. Trenar Ann-Elin Røed Leftwich er fornøgd og stolt over laginnsatsen.

DAMELAG: Tidlegare i haust var dei seks på trening og det var usikkert om Eid kunne stille damelag. Tysdag spelte Eid sin første kamp for sesongen då dei møtte Gloppen heime i Eid idrettshus. Trass i at det vart tap, kunne både spelarane og trenaren sjå seg fornøgd med at dei endeleg er i gong.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Tysdag kveld spelte Eid sitt damelag sin første kamp for sesongen då dei tok imot Gloppen i Eid idrettshus. Dette var også den første kampen på lang tid, og den første kampen for dette laget, som er eit heilt nytt lag, samansett av J16 spelarar og damelagsspelarar.