Kommunal elbil-lading

Førstemann til mølla, enn så lenge

Fjordabladet har fått spørsmål frå ein lesar om elbil-ladinga ved Stad rådhus er gratis for dei tilsette, og om denne fordelen er noko som dei i så fall må betale skatt av.
Nyhende

Tore Nyhammer-Taklo stadfestar overfor Fjordabladet at nokre av elbilladestasjonane som Stad kommune har sett opp har ikkje betalingsordning. Dei fleste av desse er primært berekna til bruk for dei kommunale elbilane, men kan også brukast av andre. Dette gjeld både bak Stad rådhus og på Almenningen.