Meiningar

– Ta ein kraftsats, få alle lakseoppdrett ut i open sjø – i lukka anlegg

- Alle lakseoppdrett må ut i open sjø - i lukka anlegg, meiner Jakob Gudbrand Henden.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Ser at her er ein del som ivrar for div. anlegg i sjøen, for eks. ved Åseneset – Langesvadet. Her er motsetnader. Det er klart.

Ein ting ved dette anlegget. Det er nærområde til ein blomstrande cruice-trafikk. (Å jau, den kjem nok i gang att).

Eg vil hevde at slike anlegg har eg ein del kjennskap til. Vi satsa stort i Hennebygda, og veksten var god den. Det viste seg og at gifta og treivst altfor godt, så det vart til dels store tap for fleire.

No kom ikkje gifta frå våre anlegg, men det fanst andre dyrkarar i landet, som tok testen litt meir lettvint. I alle fall var det gift i store nok mengder. Så salet dala til under ingenting. Då er det lite lønsamt og drive på med slikt. Mogleg det er blitt enklare og betre test-metodar no, i våre dagar. Dersom ikkje – gløym heile dyrkinga.

Ein anna ting vi og vart oppmerksame på, var at etter som tida gjekk, etter utlegg av anlegg var ferdig, merka vi tydeleg og ganske fort, at veksten av tang og diverse i fjæra vart mindre og mindre. Dette har vel fleire sett seinare og, men det er ein alvorleg ting og tenke på. Forstod det slik, at her og skulle dyrkast tang på enkelte anlegg, og forstod det nesten slik, at den dyrkinga, og blåskjel skulle bli naboar. Det går vel neppe.

Slutt med dette. Ta ein kraftsats, få alle lakseoppdrett ut i open sjø, i lukka anlegg, helst i ope hav. Då kan ein kvitte seg med lus, og sikkert og andre mindre bra individer.

Nokre år fram i tid, vil det kanskje bli mindre behov for tankskip. Desse kan med fordel brukast til oppdrett av ulike raser som er i sjøen. Lukke til. Og tenk miljø.