Trur regjeringa vil bremse nedgangen i talet på mjølkebønder

(NPK): Christian Anton Smedshaug i Agri Analyse trur den nye politikken til regjeringa kan bremse nedgangen i talet på mjølkebønder, men ikkje stanse utviklinga.

Agri Analyse meiner den nye regjeringa kan bremse nedgangen i talet på mjølkebruk her i landet.  Foto: Karoline Riise Kristiansen/ NPK

Nyhende

Smedshaug meiner den nye regjeringsplattforma lovar godt for mjølkebøndene, og at ein ny kvotepolitikk kan bremse utviklinga vi har sett i mange år.