Stor skade på hus etter pipebrann

Nyhende

Politiet fekk i halvtotida natt til måndag melding om pipebrann i eit hus i Utvik i Stryn kommune. Brannen hadde spreidd seg til huset, og det brann i andre etasje og i taket.

Det var fem personar i huset. Alle kom seg ut. Ein person hadde fått ein del røyk i seg.

Politiet melder om at det vart store skadar på huset, og at personen som fekk røyk i seg er friskmeldt av helsepersonell.