Kommunedirektøren om budsjettutfordringane:

– Ser ikkje lyst ut

– Det ser ikkje lyst ut. Dette er verre enn ein såg føre seg at det ville bli. Det seier kommunedirektør i Stad, Åslaug Krogsæter om status ved inngangen til haustens budsjettarbeid der konsekvensjustert 2022-budsjett viser ein manko på 63,5 millionar kroner.

DET ER ALVOR: Kommunedirektør Åslaug Krogsæter åtvarar mot å ikkje ta dei økonomiske utfordringane på alvor, å tru at det ordnar seg, slik det pleiar å gjere. Ho fryktar at ein no nærmar seg eit skjeringspunkt der ein kan måtte vurdere strukturelle grep, for å vere førebudd på ei framtid der det er færre barn og unge, og større del av befolkninga er eldre som treng pleie og omsorg. Arkivfoto: Anna Wuttudal 

Hovudtendensen er at talet på elevar minkar i krinsane, medan talet på elevar veks i sentrum

Nyhende

Det såg nemleg relativt lyst ut i vår, då kommunedirektøren kunne vise fram eit resultat på 39,1 millionar kroner i pluss i driftsrekneskapen for 2020, sjølv om utgangspunktet også i fjor haust var utfordrande, den gongen viste konsekvensjustert budsjett at ein mangla 45,9 millionar kroner på å få pluss og minus til å gå i null.