Haustferie:

Ungdommane likar seg godt i Gymmen

Tolv ungdommar har brukt starten av haustferien i Gymmen. – Det er veldig kjekt at dei laga til denne staden for ungdommar. Eg trur det er litt av grunnen til at her er så mange gode musikarar.

HAUSTFERIE I GYMMEN: Torgrim Stegane (t.h.) og Bjørn Peter Bergheim-Helgesen (t.v.) var to av tolv ungdommar som brukte tre dagar av haustferien på kreative dagar i Gymmen.   Foto: olin maria yri

Det er eit veldig kult lokale, og eg likar veldig godt å vere her.

Nyhende

Det seier Torgrim Stegane (13) då Fjordabladet møter han i Gymmen onsdag denne veka. Han er blant dei tolv ungdommane som har vore på plass måndag til onsdag for å delta på Malakoff sine kreative dagar i Gymmen. Arrangementet skulle eigentleg ha gått av stabelen i sommar, som ein del av sommarskular i Stad, men vart flytta til haustferien. Med tanke på vêret ute for tida, er det nok heilt ideelt å drive på inne med musikk – kontra 30 grader i lufta, 20 grader i havet og sol.