Sluttar å oppdatere dagleg

Framover vil Helse Førde oppdatere koronatala ein gong i veka.

TAL: Helse Førde vil framover oppdatere koronatala ein gong i veka, i staden for kvar dag.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Måndag analyserte Helse Førde 17 prøver og alle prøvene var negative, viser tala til Helse Førde då dei oppdaterte 12. oktober. Dette er siste gong dei oppdaterte tala denne veka, og onsdag vart det klart at Helse Førde avviklar ordninga med dei daglege oppdateringane av smittetala. Årsaka er at ein no er i ei ny fase av gjenopninga, og dette er ein del av å kome tilbake til normaltilstand.

Ifølgje Helse Førde er smitten for tida låg i området til Helse Førde, og det er lenge sidan det har vore innlagde pasientar med stadfesta covid-19.

Framover vil oppdateringa av koronatala skje kvar måndag, men om situasjonen skulle endre seg vert det justert etter behov.