Over 2300 såg musikalen

Opera Nordfjord hadde totalt 2349 besøkande under «Jorda rundt på 80 dagar», og trass i at det ikkje vart fulle hus på alle førestillingane, seier operasjef Kari Pavelich seg fornøgd.

MUSIKAL: Opera Nordfjord sin produksjon «Jorda rundt på 80 dagar» er no ferdig, og ifølgje Operasjef Kari Pavelich har over 2300 personar vore å sett musikalen.   Foto: Inger Træen

Nyhende

Onsdag 29. september hadde Opera Nordfjord premiere på musikalen «Jorda rundt på 80 dagar» på scena i Operahuset Nordfjord. Søndag 10. oktober var siste førestilling, og det vart ståande applaus frå salen etter at siste note vart spelt. Få dagar før premieren, laurdag 25. september opna Norge opp og gjekk tilbake til ein normal kvardag, noko som betydde at Opera Nordfjord endeleg kunne opne opp heile salen igjen.