Ingen frå Sogn og Fjordane i ny regjering

Ingen frå Sogn og Fjordane har fått plass i den raudgrøne regjeringa.

FRÅ HORDALAND: Kjersti Toppe(Sp) blir barne- og familieminister. Foto: Tormod Flatebø  

Nyhende

Sogn og Fjordane er eitt av dei tidlegare fylka som ikkje har fått statsrådar. Men Hordaland har fått to: Kjersti Toppe(53, SP) vert barne- og familieminister, og Marte Mjøs Persen(46, AP) olje- og energiminister. Rogaland får to statsrådar: Hadia Tajik(38 AP) arbeids- og integreringsminister og Jan Christian Vestre(34 AP) næringsminister. Møre og Romsdal får ingen statsrådar. Heller ikkje Agder, Buskerud, Vestfold, Oppland, Finnmark og Telemark.

Det er 10 kvinner og 9 menn i den nye regjeringa.

Alle dei som no er skuffa kan få ny sjanse ved utskiftingar i regjeringa. Det er også eit 50-tals stillingar som stats- og personleg sekretærar som skal fyllast.

Les også på NRK