Har sendt ut ein nasjonal ordre om bevæpning

Illustrasjonsfoto 

Nyhende

På grunn av ei alvorlig hending i Kongsberg der fleire menneske vart drepne og skada i går kveld, blir politiet i Norge midlertidig bevæpna.

Politidirektoratet sende i går kveld ut ein nasjonal ordre om bevæpning. Den er gitt for å auke beredskapen og politiet si innsatsevne.

‒ Dette er eit ekstra beredskapstiltak. Politiet har førebels ingen konkrete indikasjonar på at det er ei endring i trusselnivået i landet, heiter det i informasjon frå politiet.

Melding om hendinga i Kongsberg kom i går kveld klokka 18.13. Fem vart drepne og to vart såra. Gjerningsmann vart pågripen etter om lag ein halv time, klokka 18.47.


Politiet om Kongsberg-drapa: Sikta erkjenner forholda

Politiet opplyser at den sikta etter Kongsberg-drapa erkjenner dei faktiske forholda.