Den nye regjeringa er klar

Den nye regjeringa til Arbeidarpartiet og Senterpartiet er presentert. Ho inneheld ti kvinner og ni menn.

Statsminister Jonas Gahr Støre i spissen for den nye regjeringa som består av finansminister Trygve Magnus Slagsvold Vedum (Sp), arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik (Ap), forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp), fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap), utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim (Sp), klima- og miljøvernminister Espen Barth Eide (Ap), barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp), kommunalminister Bjørn Aril Gram (Sp), samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap), olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap), kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap), næringsminister Jan Christian Vestre (Ap), kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap), justisminister Emilie Enger Mehl (Sp), forsvarsminister Odd Roger Enoksen (Sp), helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap), landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) og utanriksminister Anniken Scharning Huitfeldt (Ap). Foto: Heiko Junge / NTB / NPK 

Nyhende

Statsminister Støre og dei 18 statsrådane hans vart møtte med blomster og gratulasjonar på Slottsplassen torsdag ettermiddag.