6 % av befolkninga har vore smitta

Nyhende

Hittil har rundt 332.000 nordmenn, eller 6 prosent av befolkninga, vorte smitta med koronaviruset, anslår Folkehelseinstituttet. – Oslo og Viken har stått for 61 prosent av alle melde tilfelle så langt, og hatt ei betydeleg tiltaksbyrde samanlikna med resten av landet, skriv Folkehelseinstituttet (FHI) i oppsummeringa si av koronapandemien.