- Sps reverseringsdraum knust: Leve Vestland!

‒ Senterpartiets tap er ein siger for Vestlandet og vestlendingane. Det meiner Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant for Venstre – Sogn og Fjordane valkrins.   Foto: Privat

Nyhende

- Hurdalsplattformen syner at Senterpartiet har tapt kampen om å reversere Vestland fylke og nye samanslåtte kommuner i Vestland. No kan denne ballen leggast død ein gong for alle, og vi kan gå vidare i å bygge eit sterkare samla Vestland med nye, samanslåtte kommunar både i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Eg er svært glad for at Senterpartiet sine lause lovnader i valkampen så raskt har kræsjlanda i møte med røyndomen, seier Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant for Venstre for Sogn og Fjordane.