Regjeringa vil reversere domstolsreforma

Trass i råda frå sorenskrivarane i landet vil den nye regjeringa reversere domstolsreforma som vart avslutta så seint som i april.

Domstoladministrasjonen.   Foto: FOTO: DA

Nyhende

I Hurdalsplattforma som Arbeidarpartiet og Senterpartiet la fram onsdag går det fram at den nye regjeringa likevel vil reversere domstolsreforma. Begge partia varsla før valet at dei ville gå tilbake til den strukturen domstolane i Noreg hadde før reforma trass i protestane frå dei ramma fagmiljøa sjølv.