Hund og katt er CO2-verstingar, men ingen snakkar om det

Produksjon av fôr til hund og katt krev mykje ressursar og bidreg til store klimagassutslepp, ifølgje professor. Han meiner meir merksemd om problemet ville fått ned utsleppa.

Produksjon av fôr til hund og katt krev mykje ressursar og bidreg til store klimagassutslepp, ifølgje NMBU-professor Odd Magne Harstad. Han meiner meir fokus på problemet ville fått ned utsleppa.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

– Det går fram av internasjonale studiar at klimaavtrykket knytt til tørrfôr for hund og katt årleg kan utgjere så mykje som 350 millionar tonn CO2-ekvivalentar på verdsbasis. Det svarar til utslepp som er sju gongar høgare enn dei samla utsleppa i Noreg, seier professor emeritus Odd Magne Harstad ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) til Nynorsk pressekontor.