Høgre om regjeringsplattforma: Dyre idear og dårlege løysingar

Høgre-nestleiar Tina Bru meiner Ap og Sp ikkje har utnytta åtte år i opposisjon godt nok. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK 

Nyhende

Ap og Sps regjeringsplattform er prega av dyre idear og dårlege løysingar, meiner Høgres nestleiar Tina Bru.

– Dei har ikkje gode nok svar på dei store utfordringane Noreg står overfor, som korleis skape fleire jobbar i privat sektor og kutte klimagassutsleppa, seier Bru i ein kommentar til NTB.

– Ap og Sp har hatt åtte år i opposisjon til å finne ut kva dei vil med Noreg. Åtte år til å definere eit politisk prosjekt, seier ho.

Men politikken som dei to regjeringspartia la fram på Hurdalsjøen Hotell onsdag, viser at dei ikkje har utnytta dei åtte åra i opposisjon godt nok, meiner Høgres nestleiar.

– På fleire område er det så ullent at det er vanskeleg å forstå kva dei meiner. Så lenge dei skal styre på SV og Raudts nåde, blir det opp til dei partia å setje farge på denne regjeringa, som førsteinntrykket mitt er at er litt retningslaus, meiner Bru. (©NPK)