Frå torsdag morgon til torsdag kveld er det venta mykje regn

Folk må førebu seg på at det kan kome mykje nedbør i morgon, torsdag.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Det er sendt ut varsel på gult nivå i samband med at det er venta mykje regn i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal i perioden frå klokka 08.00 til klokka 20.00 i morgon, torsdag. Lokalt kan det kome mellom 40 og 70 mm i løpet av 12 timar. Varsom.no melder om at det er fare for overvatn i tettbygde område. Det er fare for stengde vegar og/eller overvatn ved bekke- og elveløp.

Lokalt kan det bli vanskelege køyreforhold på grunn av overvatn og fare for vassplaning. Det blir gitt råd om å vurdere førebyggande tiltak.


Har sendt ut varsel for jordskredfare

Det er sendt ut gult varsel for flaum- og jordskredfare på Nordvestlandet. Varselet er gyldig frå onsdag morgon til fredag morgon.