Maten treng ikkje å ha reist langt med fly og laga stort klimaavtrykk for å vere god

–Bruk lokale råvarer

Det har vore ein fantastisk frukthaust, og Lote bygdekvinnelag har bestemt seg for å markere verdas matvaredag med å dele ut eple som er hausta i bygda.

LOKAL FRUKT: Laurdag 16. oktober er verdas matvaredag og bygdekvinnene på Lote deler ut friske, fine eple frå bygda. F.v.: Berit Lotsberg, Anne Britt Lotsberg, leiar i Lote bygdekvinnelag og styremedlem Lise Grønbukt. Alle foto: Anna Wuttudal 

Nyhende

Laurdag vil bygdekvinnelaget vere til stades på kjøpesenteret Alti på Nordfjordeid for å rette merksemda mot kortreiste lokale matvarer, denne gongen eple, som hagane har bogna over av i haust.