Støre om budsjettet: Vi kan gjere mykje, men må prioritere

Vi kan gjere mykje med eit budsjett, men må prioritere, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre om forslaget Solberg-regjeringa har til statsbudsjett for 2022.

Statsminister Erna Solberg (H) og Ap-leiar og påtroppande statsminister Jonas Gahr Støre i vandrehallen etter presentasjonen av statsbudsjettet for 2022 i Stortinget. Foto: Javad Parsa / NTB /NPK  

Nyhende

– Dette er eit veldig stort dokument som vi ikkje har fått tilgang til før vi høyrde finansministeren no. Vi må gå inn i det, seier Støre til NRK.