Meiningar

Står de mot presset?

Illustrasjonsfoto frå Mehuken.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Ope brev til nyvalde stortingsrepresentantar

Gratulerer med plass på Stortinget, Bjørlo, Grotle, Sande og Vereide! Vi håpar, som alle veljarane dykkar, at ingen av dykk på nokon måte gløymer kor de kjem frå.

Vi hadde gleda av at alle partia dykkar, på same måte som andre parti, stilte opp på folkemøtet vi arrangerte om vindkraft på Viksdalen 8. august.

Vi hadde også gleda av at ingen av representantane frå dykkar parti tok til orde for vindkraft i våre område. Fleire av partia sa på møtet også eit tydeleg nei til vindkraft. Både vi, og vi vil tru tilhøyrarane på Viksdalen, reiste letta heim frå møtet.

No er stortingsvalkampen over. Førre val, kommunestyre- og fylkestingsvalet, var 9. september 2019. Dagen etterpå, 10. september, sende Fred. Olsen Renewables melding til Norges Energi- og vassdragsdirektorat (NVE), om at dei vil bygge ut Høyangerfjell vindkraftverk. Det er eit stort utbyggingsområde i kommunane Høyanger og Sunnfjord.

Gjennom valkampen har vi ikkje registrert store framstøytar frå vindkraftselskapa – det kan sjå ut til at dei ligg stille og ventar på at vinden vil snu. For dei har møtt sterk motvind ute i områda der dei vil knuse fjell og skjemme naturlandskap. Kommune etter kommune har sagt frå at dei ikkje ønskjer vindkraft i sin kommune – meir eller mindre tydeleg.

Men – fleire mektige nasjonale stemmer jobbar mot folkeviljen og mot interessene i landkommunane. Sist ute var tidlegare olje- og energiminister for Sp, Terje Riis-Johansen, men også Knut Kroepelien, direktør i Energi Norge, Åslaug Haga, no direktør i Norwea, og ikkje minst det delvis statlege selskapet Norsk Hydro, har alle gått ut med høge forventningar om utbygging av meir vindkraft på land.

Alle desse er på kant med folkeviljen mot vindkraft i distrikta som er truga av utbygging. Og alle desse prøver å få det til å sjå ut som allmenne interesser og samfunnsinteresser å få bygt ut meir vindkraft. Den reklame- og propagandajobben klarer sjølvsagt ikkje milliardær Fred. Olsen Renewables, Zephyr eller svenske Eolus. Alle forstår at desse ikkje er ute etter å redde verken verda eller Noreg. Andre gjer reklame- og propagandajobben for dei.

Dermed er vi tilbake til hovudspørsmålet: Er det stemmene frå dei to hundre frammøtte på Viksdalen og frå kommunane våre de som folkevalde vil høyre mest på? Eller er det Riis-Johansen, Kroepelien, Haga og Hydro?

Klarer de å stå mot presset frå dei som no talar vindkraftelskapa si sak mot oss og folket de møtte på Viksdalen 8. august?