Solberg-regjeringa har søkt kongen om avskjed

Erna Solberg (H) og regjeringa hennar har formelt søkt kong Harald om avskjed. Kongen har vorte rådd til å be Jonas Gahr Støre (Ap) om å danne ny regjering.

OStatsminister Erna Solberg (H) leverer regjeringas avskjedssøknad til kong Harald i statsråd på slottet tysdag. F.v. og rundt bordet: kronprins Haakon, kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V), finansminister Jan Tore Sanner (H), arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H), næringsminister Iselin Nybø (V), utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF), kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V), klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) departementsråd Anne Nafstad Lyftingsmo, fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H), olje- og energiminister Tina Bru (H), forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H), samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF), utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H), justisminister Monica Mæland (H), landbruks- og matminister Olaug V. Bollestad (KrF) statsminister Erna Solberg (H) og kong Harald. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB 

Nyhende

– Eg vil råde hans majestet kongen til å vende seg til leiaren for Arbeidarpartiet, Jonas Gahr Støre, då han er statsministerkandidat for dei to partia som er førebudde til å danne regjering, sa Solberg då ho tradisjonen tru kunngjorde avgangen sin i Stortinget etter at budsjettet vart lagt fram tysdag formiddag.