Har sendt ut varsel for jordskredfare

Det er sendt ut gult varsel for flaum- og jordskredfare på Nordvestlandet. Varselet er gyldig frå onsdag morgon til fredag morgon.

Frå onsdag til fredag er det gult varsel for flaum- og jordskredfare på Nordvestlandet.   Foto: skjermdump frå varsom.no

Nyhende

Frå onsdag morgon til fredag morgon er det venta nokre jord- og flaumskredhendingar og enkelte store hendingar kan skje, melder varsom.no. Det er difor sendt ut gult varsel på Nordvestlandet.

Nedbør er årsaka

Årsaka til at det no vert sendt ut gult varsel er intenst regn. Det er venta opp mot 100 mm nedbør i løpet av 24 timar, frå onsdag kveld, og mellom 59 til 70 mm på 12 timar frå torsdag morgon. Under 1800–2000 meter over havet er nedbøren venta som regn. Nedbørsmengd vil variere, og skredfaren vil vere størst der den kraftigaste nedbøren kjem.

Varsom.no melder at varselet kan bli endra ved oppdaterte vêrprognosar.

Konsekvensar

Ifølgje varsom.no kan utsette bane- og vegstrekningar bli stengt, bratte skråningar, bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsett.

Varsom.no oppmodar alle om å halde seg oppdatert på utvikling av vêret, skred – og flaumsituasjonen. Det vert også oppmoda om at ein held seg unna bratte skråningar, bekkar, elveløp med stor vassføring. I tillegg bør ein halde stikkrenner, kummar og andre vassvegar fri for snø, is, grus, søppel, kvist og lauv. Årsaka er at oppdemma vatn kan føre til skred.