Meiningar

- Høgre svik pensjonistane!

Åge Starheim  Foto: arkiv

Nyhende

I juni i år vedtok fleirtalet på Stortinget at pensjonistane skulle få auka pensjonane med 5,36%. Det var AP, SP, Frp og Sv som overkøyrde regjeringspartia og bestemte dette. Regjeringa nekta å tilby meir enn 4,99%.

Sjølv om eit fleirtal på Stortinget vedtok dette i juni, har pensjonistane enno ikkje sett snurten av ekstraauken. Pensjonistane har krav på ein auke på 5,36% med verknad frå mai 2021, noko vi enno ikkje har fått.

Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen frå Høgre seier at NAV tidlegast kan omregne pensjonane i november i år. NAV må altså bruke 5 månader til å utføre dette reknestykke. No har depertementet sendt ut på høyring om NAV skal utvikle ein jobb som skal utføre omregninga, eller om omregninga skal gjerast sentralt. NAV har sjølve anbefalt å gjere jobben maskinelt, som også er billigast, men når depertementet har sendt dette ut på høyring, så må vi desverre anta at NAV må vente på høyringsrunden før dei kan starte på omregninga. For oss «vanlege dødelege» er dette ikkje til å tru, ei heller å forstå.

Når landet no har fått eit valresultat der dei partia som utgjorde fleirtalet på Stortinget og vedtok auke på pensjonane på 5,36%, så må vi ha lov å tru at pensjonistane straks får utbetalt den pensjonen som desse har vedteke, og etterbetaler differansen frå mai i år.