Statsbudsjettet

440 millionar til skipstunnelen

Til å starte arbeidet med Stad skipstunnel foreslår regjeringa å løyve 440 millionar kroner i 2022. Prosjektet skal koste totalt 3,4 milliardar kroner, og er venta ferdig i 2026.

Bildet viser Stad skipstunnel sett frå Kjøde. Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta 

Nyhende

Regjeringa foreslår i framlegget til statsbudsjett å løyve totalt 3,35 milliardar kroner til kystformål i 2022. Mykje av dette går til arbeidet med å utbetre farvatna fleire plassar i Noreg. Det legg til rette for dei stadig større båtane og skipa som seglar langs kysten.