Daniella Marie Liaris:

– Godt motteken

Det er tre månader sidan Daniella Marie Liaris starta blomsterbutikk i Selje. Fram til for eitt par veker sidan heldt ho til i midlertidige lokale. No har ho flytta butikken til Trude Hove sin frisørsalong.

Blomsterbutikk: Daniella Marie Liaris har dei siste tre månadane drive blomster og gåvebutikk i midlertidige lokale i Selje. No har ho flytta butikken til frisørsalongen til Trude Hove. – Eg håper det kan bli på permanent basis, seier Daniella. Begge foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Daniella Marie Liaris kjem opphavleg frå den australske storbyen Sydney. Ho har norske aner på farssida, og etter eit kort opphald i Åndalsnes enda ho opp i Selje.