Snøfall på fjellovergangar i sør – Vegvesenet åtvarar bilistar

Snøen har komme på fjellet i løpet av natta, her frå fylkesveg 55 ved Sognefjellshytta.   Foto: Statens vegvesen / NTB / NPK

Nyhende

NPK-NTB. Den første snøen i sesongen har komme på fjellovergangen Haukelifjell i Telemark. Også på Sognefjellet var det eit kvitt dekke måndag morgon.

Telemarksavisa skriv at Vegvesenet åtvarar bilistar som skal over fjellet på E134 over Haukelifjell.

– Køyr forsiktig og hugs vinterdekk, er oppmodinga frå Vegvesenet.

Også på fylkesveg 55 over Sognefjellet har snøen falle.

Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel på gult nivå om snø i fjellet i Sør-Noreg.


Slik vert vêret i haustferien

Gult varsel for snø

Det er sendt ut gult varsel for snø i fjellet i Sør-Norge, og i låglandet vert det også kaldare.


–Fram til måndag kveld blir det venta snøbyer over 1.000–1.200 meter. Lokalt kan det falle 5–10 centimeter snø i dei vestlege områda, skriv dei.

– Det er litt spesielt no som det framleis er litt sommardekksesong, ikkje alle er like førebudde på at det kan komme snø, forklarer statsmeteorolog Pernille Borander til VGom årsaka til at dei har sendt ut farevarsel.

Møre og Romsdal fylkeskommune åtvarar bilistar om at vegar kan bli stengde på kort varsel.

– Dersom det blir snøvêr heilt ned i 400–600 meters høgd slik det er meldt, kan både Trollstigen og Geiranger-Langvatn bli stengt på kort varsel, seier byggjeleiar Kåre Berge i fylkeskommunen i ei pressemelding.

Han ber trafikantar som planlegg å køyre i høgda om å forsikre seg om at dei er skodde etter føret og tilpasse farten etter forholda.

(©NPK)