Han tek dei kampane han opplever at han må ta

Fordi han er embetsmann, har Eivind Helleland framleis tittelen jordskifterettsleiar, men embetet er borte. No ligg det som var Nordfjord jordskifterett inn under Sogn og Fjordane jordskifterett og er styrt frå Førde.

RETTFERD: Demokrati, rettferd og ytringsfridom er kjernesaker for jordskifterettsleiar/jordskiftedommar Eivind Helleland. Han vel ikkje den enklaste vegen, men den vegen han meiner er rett, og han tek dei kampane han opplever at han må ta.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Slaget om eigen jordskifterett i Nordfjord er tapt, men domstolsleiar gjennom mange år, Eivind Helleland opplever ikkje avskiltinga som eit stort nederlag. Snarare tvert imot. Stortinget bestemte at dei små domstolane skal få leve vidare som bemanna rettsstader, sjølv om det er samanslåing til større einingar. Og gjennom prosessen med domstolsreforma har ein fått vedtak frå sentralt hald som sikrar dei små jordskifterettsmiljøa betre enn før. Ein fekk i desember 2020 ei forsikring frå Stortinget om at dei små domstolane skulle få behalde bemanninga minimum på dagens nivå, noko som har vore med på å sikre fornying i Nordfjord. Dei har klart å rekruttere godt, her er no ein fagleg kompetent og relativt ung stab.