Slik vert vêret i haustferien

Gult varsel for snø

Det er sendt ut gult varsel for snø i fjellet i Sør-Norge, og i låglandet vert det også kaldare.

HAUSTFERIE: Det er sendt ut gult varsel for snø i fjellet, men i låglandet vert det også kaldare og mykje nedbør i form av regn.   Foto: arkiv

Nyhende

Det er venta snø over 800 til 1000 meter i Sør-Norge. Lokalt kan det kome fem til ti centimeter med snø i dei vestlege områda, melder Meteorologisk institutt som har sendt ut gult varsel for snø fram til tysdag. Seinare i veka kan det også kome nye varsel for snø i fjellet.

– Søndag regnar det på fjellovergangane i Sør-Norge, men i løpet av natt til måndag går nedbøren over til snø – og snø kan vi love meir av i fjellet utover i veka. Hugs vinterdekk, oppmodar Meteorologane på Twitter.

På Strynefjellet

Strynefjellet, Vikafjell og Hardangervidda er blant fjellovergangane som er råka av det gule varselet for snø.

Våt haustferie

Denne veka er det haustferie for mange, mellom anna i Nordfjord. Her kan ein vente seg mykje nedbør, i form av regn i låglandet.

Den neste veka er det nemleg meldt ein god del nedbør, spesielt torsdag, fredag og laurdag. Torsdag ligg det an til at det vert mest nedbør, med rundt 24 mm i indre deler av Stad og rundt 27 mm i ytre deler av Stad. Vêrvarselet til Yr viser regn kvar dag i alle fall fram til tysdag 19. oktober.

Det vert også kjøligare enn det har vore, også i låglandet. Spesielt i helga er det meldt kaldare og temperaturar mellom tre til sju grader i områda rundt Nordfjordeid. I ytre vert det også kaldare i helga og her vil temperaturane ligge på rundt fem til ni grader.

Frå neste måndag skal temperaturen auke litt igjen, og i ytre vert det rundt 12 grader på dagtid medan det i indre vert mellom ni og elleve grader på dagtid.