Fire nye positive prøver

I løpet av dei tre siste dagane har Helse Førde analysert 158 prøver og fire av dei har vore positive.

Helse Førde sine tal viser at i løpet av dei siste åtte dagane har elleve av 717 analyserte prøver vore positive.   Foto: Arkivfoto

Nyhende

Helse Førde melder måndag morgon om fire nye positive prøver sidan fredag. Fredag vart 93 prøver analysert og ei prøve var positiv. Laurdag vart 46 prøver analysert og ei prøve var positiv. Søndag analyserte Helse Førde 19 prøver og to var positive. Dei fire positive prøvene er tatt i Årdal og Sunnfjord. Helse Førde gjer ein alltid merksam på at kommunane for prøvetaking er ikkje alltid kommunen som pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Elleve positive

Ifølgje Helse Førde sine tal har elleve prøver vore positive dei siste åtte dagane, mellom søndag 3. oktober og søndag 10. oktober. I løpet av desse åtte dagane har Helse Førde analysert 717 prøver.

Dagen med flest positive prøver i denne perioden er torsdag 7. oktober med tre positive. Einaste dag utan positiv prøve i løpet av desse åtte dagane er søndag 3. oktober.

Søndag 3. oktober: 0 nye av 24 analyserte prøver

Måndag 4. oktober: 2 nye av 118 analyserte prøver

Tysdag 5. oktober: 1 ny av 141 analyserte prøver

Onsdag 6. oktober: 1 ny av 156 analyserte prøver

Torsdag 7. oktober: 3 nye av 120 analyserte prøver

Fredag 8. oktober: 1 ny av 93 analyserte prøver

Laurdag 9. oktober: 1 ny av 46 analyserte prøver

Søndag 10. oktober: 2 nye av 19 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei sender koronaprøvene som er tatt, og difor kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse er ikkje med i tala til Helse Førde, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Ingen koronapasientar

Helse Førde sine oppdaterte tal viser at ingen pasientar med stadfesta covid-19 smitte er innlagde på sjukehusa i Helse Førde.

Ein av rundt 3000 tilsette i Helse Førde er heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt elleve tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19.