Elitepolitikarar dominerer Stortinget

Nasjonalforsamlinga i eit demokrati bør spegle folket den skal representere både når det gjeld heimstad, kjønn, alder og utdanning.
Nyhende

Valordningar der landet er delt inn i 19 valkrinsar, sikrar at alle delar av landet er representerte på Stortinget. Og kjønnsbalansen har aldri vore så god som no ettersom 45,6 % av representantane er kvinner. Men når det gjeld alder på representantane er det stor skeivskap. Det same gjeld sosial status der det også er store skilnader på folket og dei folkevalde.