Ekstra god gulrotavling på Langeland i år

På Langeland kan dei i år notere seg for den beste gulrothausten i manns minne.

AKTIV PENSJONIST: Kirsten Langeland(79) er både med på opptak av gulrøtene, sortering og sal. Foto: Per Ole Lefdalsnes 

Nyhende

Kirsten Langeland fortel at dei ikkje har opplevd maken på dei rundt 40 åra dei har drive med gulrot. Det er såleis ei bra mengd gulrot dei no har på lageret for sal til kundar lokalt. Det er sonen Jørgen som driv garden med mjølkekyr i samdrift, ungdyr og sauer.