Leiar i Stad Eldreråd, Lars-Svein Drabløs

– Politikarane har ein del utfordringar og tøffe prioriteringar

‒ Den saka som har vore mykje omtala i media den siste tida, viser i klartekst at vi har behov for fleire institusjonsplassar i Stad kommune.

Utfordringar: Lars-Svein Drabløs, leiar i Stad Eldreråd, meiner politikarane i Stad står framføre store utfordringar i eldreomsorga, og at det no må beinharde prioriteringar til. Arkivfoto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Det seier leiar i Stad Eldreråd, Lars Svein Drabløs, som har mange år bak seg som medlem, nestleiar og leiar i det politiske Helse og omsorgsutvalet, og som no er tydeleg på at politikarane i Stad må ta utfordringane på alvor og prioritere ut frå dei behov som vi ser framover.