‒ Dei fortener ros

GODT SLÅTTEARBEID PÅ STOKKENES: Ikkje mykje å setje fingeren på her, nei.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Astrid Henden vil gjerne gje ros til dei som steller kyrkjegardane.

‒ Dei fortener ros. Eg har aldri før sett nokon gravplass som er så fint slegen. Det ser veldig bra ut. No kjem det til å halde seg fint heilt til våren, seier Henden som nyleg besøkte gravplassen på Stokkenes.