Ventar stor rift om Malakoff-billettane

– Malakoff 22 blir veldig, veldig bra. Alle vil på festival neste år, og det vil bli rift om billettane, meiner festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

FESTIVALSTEMNING: Til sommaren kan ein igjen oppleve festivalstemninga til Malakoff rockfestival, der publikum kan stå tett framfor festivalscena.  Foto: Arkiv: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

I år er det viktig at lokale publikummarar tenkjer seg om og hiv seg på, om dei skal ha ein sjanse til å sikre seg billettar.

Nyhende

Fredag slepp Malakoff rockfestival namnet på dei første artistane. Det knyter det seg alltid stor spenning til, og festivalsjefen fastslår at det vert rift om billettane.