To køyretøy vart avskilta

Under ein kontroll Statens vegvesen hadde på lette køyretøy i Stryn fredag kveld vart to køyretøy avskilta.

Illustrasjonsfoto. 

Nyhende

Kontrollen i fredag var ein todelt kontroll, dag/kveld-kontroll. Første del var ein tungbilkontroll på Kjøs. Andre del var ein kontroll i Stryn med fokus på lette køyretøy. Alle køyretøy kontrollert på Kjøs vart kontrollert for vekt, her var alle køyretøy innanfor lovlege grenser. Det vart i tillegg skrive ut to tekniske mangellappar.