Solbergs siste budsjett vil binde Støre

Tysdag presenterer avtroppande regjering statsbudsjettet sitt for 2022. Økonomiprofessor Ola Grytten meiner Solberg-regjeringa kjem til å ha stor innverknad på Støre-regjeringas politikk i 2022.

Finansminister Jan Tore Sanner (H) på Stortingets talarstol under framlegginga av statsbudsjettet i fjor. Tysdag legg han fram det siste budsjettet sitt som finansminister.  Foto: Heiko Junge

Nyhende

Jan Tore Sanner får ein spesiell dag tysdag 12. oktober. Frå han står opp til han nokre timar seinare står på talarstolen i Stortinget vil han vere forfølgt av journalistar. Finansminister Sanner skal fortelje det norske folk kva den avtroppande regjeringa vil bruke pengar på i 2022.