Ny regjeringsplattform blir lagt fram onsdag

Arbeidarpartiet og Senterpartiet er i mål med forhandlingane og klare til å danne regjering torsdag. Dagen før presenterer dei politikken dei skal styre etter.

Ap-leiar Jonas Gahr Støre (t.v.) og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum tok kvarandre i handa og erklærte regjeringsforhandlingane for landa, men enno står det att å leggje regjeringskabal.   Foto: Fredrik Hagen

Nyhende

– Vi har avslutta ein mange dagars tøff arbeidsøkt. Det har vore mange timar arbeid, og det første vi kan slå fast, er at Arbeidarpartiet og Senterpartiet er samde om at vi kan danne regjering.