Lovar å vurdere behov for gangfelt

Ønskjer overgang: Her må du ned i grøfta om du vil krysse over til butikkar eller gangvegen på den andre sida. Foto: Anna Wuttudal 

Nyhende

På E39/Rv 15 ved Eid næringspark er det ønskje frå mjuke trafikantar om ein tilrettelagt overgang ned til butikkar og industriområde, ikkje minst for dei som kjem gåande/syklande frå LA-senteret og elles frå aust. Det er eit godt stykke vestover til overgangen ved rundkøyringa i Korsen, og i praksis blir det for langt å gå fram og tilbake til at det vert nytta av dei som skal til Rema, apotek/Europris/Felleskjøpet.