Politiet fryktar meir svart arbeid etter pandemien

(NPK): Politiet fryktar at hardt pressa aktørar i landbrukssektoren vil bruke svart arbeidskraft for å greie seg økonomisk.

Politiet fryktar ei oppblomstring av svart arbeid etter pandemien  Foto: Stian Lysberg Solum/ NTB /NPK

Nyhende

Ifølgje Nationen trur politiet at nedstenginga hadde ein positiv effekt på arbeidslivskriminalitet, slik at det var redusert bruk av svart arbeid og mindre sosial dumping, menneskehandel og kvitvasking.