Melder om tre positive prøver

Helse Førde melder om tre nye positive prøver etter at 120 prøver vart analysert torsdag. Så langt denne veka har Helse Førde meldt om sju positive prøver.

I løpet av dei åtte siste dagane har Helse Førde meldt om ni positive prøver etter at 851 prøver har blitt analysert.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Helse Førde analyserte torsdag 120 prøver og tre av desse er positive. Dette viser Helse Førde sine oppdaterte tal fredag. Dei tre positive prøvene er tatt i Årdal og Kinn.

Så langt denne veka har Helse Førde meldt om sju positive prøver. To positive måndag, ei positiv prøve tysdag og ei positiv onsdag og tre positive torsdag.

Ni positive

Ser ein åtte dagar tilbake i tid, mellom torsdag 30. september og torsdag 7. september, har Helse Førde analysert 851 prøver. Av desse har ni prøver vore positive. I løpet av desse åtte dagane er torsdag 7. oktober dagen med flest positive prøver med tre. Tre av dagane har vore utan positive prøver.

Torsdag 30. september: 2 nye av 130 analyserte prøver

Fredag 1. oktober: 0 nye av 93 analyserte prøver

Laurdag 2. oktober: 0 nye av 69 analyserte prøver

Søndag 3. oktober: 0 nye av 24 analyserte prøver

Måndag 4. oktober: 2 nye av 118 analyserte prøver

Tysdag 5. oktober: 1 ny av 141 analyserte prøver

Onsdag 6. oktober: 1 ny av 156 analyserte prøver

Torsdag 7. oktober: 3 nye av 120 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei sender koronaprøvene som er tatt, og difor kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse er ikkje med i tala til Helse Førde, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Andre tal

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Fredag er ein av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona.

Fredag viser tala til Helse Førde at elleve tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19. Dagen før var dette talet ti.