Meir enn 50 prosent utsleppskutt for nye båtruter i Sogn og Fjordane

Skyss har i dag tildelt kontrakt for lokale båtruter i Sogn og Fjordane til Norled AS. Kontrakten stiller klimakrav om minst 52 prosent CO2-kutt.

 -  Vi er svært nøgde med resultatet av anbodskonkurransen, seier Direktør Målfrid Vik Sønstabø i Skyss. 

Nyhende

Kontrakten gjeld drift av lokale båtruter i Kinn, Bremanger, Stad, Vik, Høyanger, Sogndal og Lærdal kommunar frå 2024 til 2036, med opsjon for fylkeskommunen til å forlenge kontrakten med opptil to år. Driftsoppstart er sett til 1. mai 2024, men med ein rett for Norled til å starte opp drifta frå 1. november 2023.