Ei ny positiv prøve

Helse Førde melder om ei ny positiv prøve etter at 156 prøver vart analysert onsdag.

I løpet av dei åtte siste dagane har seks av dei 886 analyserte prøvene vore positive.  

Nyhende

Onsdag analyserte Helse Førde 156 prøver og ei av desse prøvene var positiv. Den positive prøva vart tatt i Årdal. Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid den kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse i.

Så langt denne veka har Helse Førde meldt om fire positive prøver. Måndag var to av 118 analyserte prøver positive, tysdag var ei av 141 analyserte prøver positiv og onsdag var altså ei prøve positiv. Dei tre andre positive prøvene er tatt i Sunnfjord.

Seks positive

Ser ein åtte dagar tilbake i tid, mellom onsdag 29. september til onsdag 6. oktober, har Helse Førde analysert 886 prøver og seks har vore positive. Fire av åtte dagar har vore utan positive prøver.

Onsdag 29. september: 0 nye av 155 analyserte prøver

Torsdag 30. september: 2 nye av 130 analyserte prøver

Fredag 1. oktober: 0 nye av 93 analyserte prøver

Laurdag 2. oktober: 0 nye av 69 analyserte prøver

Søndag 3. oktober: 0 nye av 24 analyserte prøver

Måndag 4. oktober: 2 nye av 118 analyserte prøver

Tysdag 5. oktober: 1 ny av 141 analyserte prøver

Onsdag 6. oktober: 1 ny av 156 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei sender koronaprøvene som er tatt, og difor kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse er ikkje med i tala til Helse Førde, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Ingen koronapasientar

Det er ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.