Nye smitta i nabokommunar

Melder om ei ny positiv prøve

Helse Førde melder om at ei av dei 141 prøvene som vart analysert tysdag er positiv.

I løpet av dei siste åtte dagane har Helse Førde analysert 910 prøver og seks av desse har vore positive.   Foto: Arkivfoto

Nyhende

Tysdag analyserte Helse Førde 141 prøver og ei av desse var positive. Dette viser dei oppdaterte tala til Helse Førde onsdag. Den positive prøva er tatt i Sunnfjord. Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid den kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse i.

Så langt denne veka har Helse Førde meldt om tre positive prøver. I tillegg til den positive prøva tysdag, var to prøver positive måndag. Desse to vart også tatt i Sunnfjord.

Smitte i Volda

Volda kommune har dei siste dagane meldt om to positive prøver. Seint måndag kveld fekk Volda kommune melding om eit nytt smittetilfelle. Vedkomande testa seg på grunn av symptom og smittevegen er førebels ukjend. Nærkontaktar vert varsla.

Tysdag fekk Volda kommune melding om eit nytt smittetilfelle. Her er smitteveg kjend, og stammar frå ein annan del av landet. Den smitta har få nærkontaktar lokalt.

Ørsta kommune har også meldt om eit nytt smittetilfelle tysdag. Her er smitteveg også kjend.

Seks positive

Dei siste åtte dagane, mellom tysdag 28. september og tysdag 5. oktober, har Helse Førde analysert 910 prøver. Av desse har seks prøver vore positive.

Av desse åtte dagane har fire av dei vore utan positive prøver.

Tysdag 28. september: 1 ny av 180 analyserte prøver

Onsdag 29. september: 0 nye av 155 analyserte prøver

Torsdag 30. september: 2 nye av 130 analyserte prøver

Fredag 1. oktober: 0 nye av 93 analyserte prøver

Laurdag 2. oktober: 0 nye av 69 analyserte prøver

Søndag 3. oktober: 0 nye av 24 analyserte prøver

Måndag 4. oktober: 2 nye av 118 analyserte prøver

Tysdag 5. oktober: 1 ny av 141 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei sender koronaprøvene som er tatt, og difor kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse er ikkje med i tala til Helse Førde, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Ingen koronapasientar

Ifølgje Helse Førde sine tal er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Onsdag er to av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt ti tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19 smitte.